lørdag 22. desember 2012

Julebrev 2012

Det er dagen før dagen og jentene vaknar lenge før dei pleier som dei har gjort den siste månaden. Kva er det i kalendaren i dag? Forventningar, det er vel noko både vaksne og born deler på i desember. I skrivande stund er med ni personar i heimen. Me er så heldige å ha fått besøk av Bjarte (Øyvind sin forlovar), Ingrid og dei to gutane deira. Stor stas med besøk frå Norge og så kjekt å få feira jul saman for fyrste gong. Etter det, tek me oss ei ferieveke med bading i Cha-Am og feirer nyttår der.
Me har hatt besøk av Helene (Solveig sin forlovar) og før det, Anne Jorunn (syster til Solveig), så denne hausten har me verkeleg fått norgesbesøk.
I vår var me heime på ferie. Det var eit kjært gjensyn både på Jæren og i Hundvinsbygda, og tida gjekk altfor fort. Besøket byrja med siste snøfall og slutta med varme vårdagar.
I haust hadde me fine dagar på øya Koh Chang og i Hua Hin. Kjekt å oppleva det Thailand har å by på når me bur her.
 
All snøen som me las om heime på jæren i desember har uteblitt her i thailand, men julestjerna heng oppe, og i dag skal me tenna det fjerde lyset i staken.
Bjørnar var fornøgd og stolt då dei vann fotballfinalen på sportsdagen. Det går mykje i fotball, data og playstation. Han går no i sjette klasse og veks nok snart over hovudet på mora.
Helene elskar å dansa og i november fekk ho høve å prøva seg på dansetimar i streetdance. Det gav meirsmak, så det spørs om ikkje det vert meir! Elles er det kjekt med alle formingsaktivitetar, og ekstra stor stas då Helene(Østby Larsen) var engasjert med strikking saman med henne då ho var på besøk.
Ingeborg trives godt i barnehagen. Helst vil ho sykla når me skal gå om morgonen, så då får mora bevega seg litt og. Ho er veldig oppteken av kva ho skal på seg. Finn me fram ein fin kjole, vil ho ha kule klær på og neste dag er det motsatt.
Solveig stortrivs på døveskulen som teiknelærar og har hatt andakt både i fengselet og kyrkja.
Sjølv om ho berre går i 50 % klarar ho å fylle dagane med prosjekter og aktivitetar.
Øyvind har i tillegg til rektor og lærarjobben sin byrja å pendla til Bangkok ein gong i mnd. for å ha norskundervisning for dei norske elevane der.
Familien vår er heldig som får oppleva Thailand og særleg det å få vera i Mukdahan by. Den er i stor endring og det bygges på alle kantar. I 2015 opnar grensene for 10 asiatiske land - ASEAN, noko liknande EU, så då vert det nok enno større endringar.
Me har fått laga både lyse og brune kakemenn og er snart klar for å leggje pinnekjøt i vatn.
Alle er takknemlege for dei flotte menneska som bur her saman med oss og gjer kvardagen til gode opplevingar og glade for alle dei i Norge som hugsar på oss i bøn, koselege brev, mailar og helsingar. Skype er flittig i bruk og gjer at me kan halda den kvardagslege kontakten.
 
Barn Jesus i en krybbe lå, skønt Himlen var hans eje.
Hans pude her blev hø og strå, mørkt var detom hans leje.
Men stjernen over huset stod og oksen kysset barnets fod.
Halleluja! Halleluja! Barn Jesus!
 
H.C. Andersen
 
 
Med ynskje om ei fin julefeiring og alt godt for året som kjem.
Ingeborg, Helene, Bjørnar, Øyvind og Solveig
 

torsdag 19. juli 2012

blomar....

I tegnesalen der eg underviser går to store vifter for fullt, men alle vindu står oppe. Avogtil kjem der eit friskt vindpust. Elevane sit konsentrerte lenge og eg fryder meg over alle små detaljar dei legg merke til når dei teiknar ein blome. Den siste månaden har fuglesongen vorte så fin her, dei høyres mest litt norske ut. Då tenkte eg kor heldig eg er som både kan høyre naturen og sjå den samstundes.
Men og kor flott det er at desse elevane som ikkje kan høyra, "høyrer blomen" ved kun å sjå- ser detaljar enno betre og på ein anna måte enn me som både ser og høyrer.
Fascinerande og spennande!



torsdag 12. juli 2012

Endeleg eit livsteikn frå Thailand.

Har ikkje blogga sidan jul no, og då er det vel på tide med ein solid oppdatering for det har skjedd mykje.
Me storkoste oss heime på ferie i Norge i mars/april. Ungane fekk gå på skulen med venene sine heime og sjølv om me ikkje fekk truffe alle me skulle ynskja rakk me å møta ein god del av familie og vener.
Det var og veldig kjekt å få høve til å sjå det nye huset til tidl. nabo Tveten (i Thailand).
Tilbake til Muk har det vore travle men fine dagar. Øyvind er åleine lærar fram til august, då er me veldig glad for at han får ny kollega! Me har hatt to fine veker med besøk av farmor og farfar, tida gjekk altfor fort....
Eg har blitt plassert i NMS sitt arbeid med diakoni og bistand og er veldig glad for å ha funne min plass, på døveskolen i Mukdahan der eg skal arbeida som kunstlærar to dagar i veka. Elevane er frå barnehagealder til og med videregåande og bu på internat.
I motsetning til Øyvind som jobbar på ein skule med 1600 elevar og masse lyd, er dette ei noko meir fredeleg atmosfære.
Med 9 månadar thai og thaikollegaer som kan eit par ord engelsk klarer eg kommunisera med elevane.
Dei er ivrige på å læra meg døvespråket og eg veit allereie korleis eg skal seie at dei skal byte malevatn, jente, gut, male,vannglass, skrive og teiknet for svart, rødt og kvitt. Dersom eg klarer hugsa fem ord kvar gong vil eg få meg eit solid vokabular innan året er omme.
Det som fascinerer meg aller mest med elevane er interessen for teikning og tålmodigheten. Eg seier at læraren må forklare elevane at dersom dei treng å drikke, gå på do eller ha pause i fem min etter 1.5 time intensiv konsentrasjon må dei gjerne gjere det. Samtlige elevar vart teikna 1.5 timar til fram til lunsj!








Og ikkje berre at dei teiknar lenge, dei jobbar med det eine biletet alle tre timane!
Eg har begynt å ha gangsperr onsdagar og torsdagar. Elevane likar best å sitje på golvet å jobbe, og som den litt baktunge solide fruen eg er fungerer det ikkje så godt å sitje på huk i tre timar slik thaiane klarer. I går hadde eg med meg ei lita pute å ha under knea for dei blir og ganske såre av å kravle rundt ein heil dag.
Eg fekk høyre at læraren som regel skreiv på tavla kva dei skulle teikne og så gjorde dei det. Vert litt annleis når eg etter å ha tigga på gebrokkent thai i nabolaget etter blomar kjem med 20 ulike sortar og alle elevane skal velje ein og ikkje teikne likt. Thaiane er vant med å kopiere og at det som er mest fotografisk er finast. Eg håper ikkje eg trakkar nokon på tærne om me leikar oss litt med farge og form og har det litt kjekt! Det er ikkje alltid resultatet som er viktigast, men det ein oppdaga undervegs.

Eg er lukkeleg og heldig som får være med på dette.

Elles fekk eg ha ein andakt i kvinneavdelingen i fengselet her i Mukdahan. Ei sterk oppleving som svigers fekk vere med på og. Dei var med å betalte lunsj til 160 personar og eg kjøpte sjokoladekake på det lokale bakeriet. Me fekk og sjå korleis dei budde i fengselet og eg skal gjer så godt eg kan for å ikkje bli bura inn sjølv om dei verka å ha det greitt. Fekk lyst å ta med meg maleutstyr ved neste besøk, sjølv om dei fleste sat med hekling og strikking må det nok vere nokre andre "venstrehendte" der som meg som er meir fornøgd med ein pensel i handa!