fredag 2. desember 2011


Jul i Thailand 2011

24. november og berre ein månad til julaftan. Den vert annleis i år, framandt land og utan verken foreldre eller svigerforeldre, sysken og syskenborn.

Me er veldig glade for at me skal feire saman med Kari (lærar) og fam. Tveten, naboar og kollegaer med sine 3 barn, så jul skal det bli i år og!
Sidan mor i huset skal få reise på misjonærdamenes julebord i helga har eg så smått funne fram litt adventspynt som me tok med fra Norge. Stjerna ligg klar til å hengast opp, adventstaken er klar, adventssongen står ved sida av og gler seg til å bli sunge. Eit heilt år sidan sist. Jentene har fått lyslenkene med englar på rommet sitt. Sjølv om me har mellom 25 og 30 grader merkar me kaldetida i Thailand, det vert kaldare om nettene og bles meir. Set ein aircondition på ekstra kaldt og lukkar augene og høyrer på vinden kan det verkeleg høyrast ut som ein ruskenovemberdag i Norge. Med 3 flotte amplar med lilla petunia i tre variantar som Øyvind og ungane hadde kjøpt er me klar til å gå advent i møte.

Den Norske Skulen i Mukdahan som ungane går på har mange aktivitetar i tillegg til alle aktivitetane som St.Joseph, skulen der den norske skulen er, arrangerer. Først for døra står farsdag. Både farsdag og morsdag vert feira stort her. Ein anna stor dag ungane og familien elles fekk gleda av å delta på var Sportsdag på St.Joseph. Denne dagen starta klokka fem om morgonen med sminking og hårpynting av Helene. Heile skulen på om lag 1600 elevar stilte opp i storstilt parade i byen 06.30 som gjekk til St. Joseph. Helene var drillpike og Bjørnar gjekk som idrettsutøvar og haldt i fane med si gruppe. Elevane var inndelt i forskjellige fargekategoriar: Oransje, blå, lilla, grønn og rosa. Det vart konkurrert i springing, stafett, volleyball, fussal og fotball med meir. Det flotte her var at alle deltok og at det ikkje var nokre sure miner om det ikkje gjekk bra. Kanskje fordi at sportsdag i Thailand er meir enn ein konkurranse. Det er ein stemning og ein fest. Ungane snopa og drakk masse brus, kvar gruppe hadde sin cheerleadergjeng som heia og dansa og lærarane på skulen stod på for at elevane skulle ha ein flott dag! Verkelege eit minne for livet.

Ingeborg er ei travel og blid jente 2,5 år. Ho veit kva ho vil og kan sjølv og kjem seg fram i verda. Ho verkar upåvirka av å vere på den andre sida av jorda, stortrives i barnehagen saman med dei andre 3 ungane som er der. Eter steikte biller og tel like godt på thai som norsk. Ho vinkar og helsar til alle i gata når eg fylgjer ho til barnehagen om morgonen og vil helst bestemma sjølv kva kjole ho skal gå med. Ho er for tida oppteken av å teikna og mala og sjå på kaptein Sabeltann. Ho syns det er kjekt å dansa med Helene og spela fotball med Bjørnar. Det aller kjekkaste er likevel å få køyre scooter med pappa…( noko mamma aldri ville tillete i Norge, men alt er annleis i Thailand.) Ho likar å skype med slekta i Norge og mate kamphanane og hønene som er naboane våre med gammalt brød!

Helene 7 år, har fått mange vener både innan misjonærfamiliane og blant thaiane i thaiklassen på skulen. Det går mykje i strikkhopp og hoppetau, eit universalspråk som ikkje treng så mange ord, men ho syng med på det som er av regler og frasar. Ho har teke til seg masse av thaien og med rett tonefall, noko me andre slit litt meir med. Det kjekkaste ho veit er å dansa og ho stiller sporty opp og visar morgonaerobicen på scenen saman med andre frå klassen framfor heile skulen. Heime komponerer ho dansar sjølv, ho diggar breakdance og spritar opp tempoet på thaidansane. Ho skulle nok kunne tenkt seg å vore med venene sine i Norge og, men har det kjekt der det skjer nok her og! Det kjekkaste er å få besøk eller gå på besøk!

For Bjørnar, 10 år, er det fotball for alle penga. Det er det som er tingen no, og utstyret skal helst være Nike! Sidan dei fleste misjonærungane er jenter er Bjørnar glad for naboguten held han litt med selskap. Det kjekkaste er likevel laurdagar då han fleire gonger har hatt besøk av ein kamerat frå thaiklassen som er to år eldre enn han. Då er det enten fotball ute eller fotballserier på tv eller fotball på wii. Ein fin variasjon? ;-) Han er eldst og då er det naturleg at han saknar vener i Norge mest, men me vonar at denne tida full av annleis erfaringar og opplevingar kan berika livet hans på sikt og at venene er der når han kjem til Norge att. Me satsar på ein ferie heim i midten av mars til byrjing av mai, så då kan det verte tid til mykje besøk og fotball!

Øyvind er godt i gang som lærar på St.Joseph. Han har fått gode kollegaer i Kari (som reiser tilbake til Norge i mars) og Ann, thailærar. Det er til tider uvant å ha sine eigne barn på skulen, men enn så lenge går det over all forventning. Det har vore travelt å jobba 100% samstundes med å studera thai. No har timeplanen blitt endra litt, så no har han thai om morgonen og undervisning med borna etterpå. Litt lettare å ta til seg språklærdom frå morgonen. Fiskinga er ikkje blitt lagt på is, men helger og fridagar har gått med i fellesaktivitetar og familiesamankomstar. Om ettermiddagane et me middag, så er det mørkt. Me vonar at 2012 vil by på mange muligheiter for fiske i Thailand og - og sjølvsagt nokre turar med gode vener når me kjem heim på ferie i mars-mai. Heilt fiskefritt er det ikkje. No er gartnaren i gang med å lage fiskedam på verandaen, noko Øyvind gler seg til!


Eg (Solveig) har brukt litt tid på å bremsa ned tempoet og stressnivået frå Norge. Det er rart å “kun” vera språkelev, mor og kone og ikkje ha hendene fulle av aktivitetar og prosjekter. Heilt arbeidsledig er eg ikkje. Ein onsdag i månaden har eg byrja med Kunst og handverksundervisning for skulen ein heil dag. Det er kjempekjekt med så motiverte ungar. Eg heiv meg rundt å hadde familieandakt i kyrkja på norsk, med illustrasjonar og Maria (kollega) som god tolk. Er så heldig at eg skal få ha juleandakten på den norske gudstenenesta her og. Eg lagar kyrkjebladet for bygda heime og sender til Norge kvar fjerde månad, så flott at det går an å jobbe med det på den andre sida av jorda. Etter jul skal me arbeide meir med kva som skal bli min 50% stilling her, det kan sjå ut som om det blir innan kategorien diakoni og bistand.

Det er mange omveltningar i livet, men me har det godt i Thailand. Det kjennes naturleg å vera her, og no som språket løysnar litt vert det ennå kjekkare. Må berre få skryte litt av vår tålmodige språklærar Moonoy, så glad for at det er ho som skal hjelpa oss på språkvegen. I går vart fyrste omgang kakemenn produsert og nesten ete opp, det smakte av jul her og! Takk til alle heime for at de tenker på oss, de som ber for oss og de som sender meldingar i form av facebook, brev og telefon. De kan faktisk nå oss på vår norske fasttlf til vanleg norsk takst, men hugs at me ligg 6 timar framfor Norge. Det betyr mykje for både store og små at me har kontakt med vener og familie.


I fjor i januar kjøpte eg Solveig Leithaug sin cd Julefred på sal. Eg er glad for at eg tok den med meg til Thailand. Den gjev julefred.

Stille natt, heilage natt
Himlen gav oss vona att
Vi med hyrdingar glade går
Stjerna enn over stallen står.
No er ein frelsar oss fødd.
No er ein frelsar oss fødd.

Juleklem frå Ingeborg, Bjørnar, Helene, Øyvind og Solveig




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar